Grenda vår består av følgende småbruk, i tllegg til noe spredt bebyggelse og hytter:

Brekkmo G.nr. 7, b.nr. 241, 244. 0,08 sk.mk.
Mattias Monshaug, f. 1878, d. 1958, kjøpte seg dyrkingsjord frammed Brekkbekken i 1933, den eine parsellen, på 0,04 sk.mk., av Steimoeggen, den andre, som var like stor, av Ols-teigen. Mattias bygde seg hus og dreiv sau- og reveal. I 1949 selte han bruket åt Simon O. Skogli, f. 1918. Simon er g. m. Jenny Lundin, f. 1922, og dei har to born: 1. Kjell Olav, f. 1948, sjå Skogtun, 2. Olaug f. 1952. Simon arbeider attåt i sementvarefabrikken på Plassen. Han har òg kjøpt attåt sæter, på Steivangan, ho har før hørt N. Husan til. (avskrift fra: Alvdal ei bygdebok, bind II del 2, 1973)

Steivang G.nr. 9, b.nr. 87.
Berger Hansen Steivang, f. 1904, rydda og bygde seg ny gard her i Steivanglia i 1952. Den er bygd på skog unna Alvdal prestegard. Berger hadde da sia 1929 vor brukar på Steivangan som han hadde teke over etter svigerfaren. Steivangan brukes no til sæter. Berger er g. m. Olga Pedersdtr. Steivang, f. 1897, sjå elles Steivangan. Borna deira er: 1. Gudlaug, f. 1927, g. m. Kåre Bergseth, sjå Nyborg, tomt nr. 2, 2. Per Kolbjørn, d. 4 mnd. gml., 3. Per Kolbjørn, 4. Bjarne, f. 1933, g. m. Kjellaug Årsnes, Ørsta, 5. Oddbjørg, f. 1935, g. m. Einar Pedersen, sjå Solstad (7-336), 6. Borghild, f. 1936, ho har sonen Bjørnar, f. 1959. Per Kolbjørn B. Steivang, f. 1931, tok over garden i 1973. Han er g. m. Gunvor Sveen frå Folldalen, f. 1930. Born: 1. Jan, f. 1959, 2. Anny, f. 1963, 3. Geir, f. 1970. Borghild, f. 1936, har no bygd seg hus attmed farsgarden, tomta kjøpte ho av J. G. Nørstebø. (avskrift fra: Alvdal ei bygdebok, bind II del 2, 1973)

Rydje G.nr. 7, b.nr. 243. 0,44 sk.mk.
Rydje er det andre bruket i Brekkbekk-grenda som ligg på Olsteigen. Erling Kjeldsen, som bygde her, fekk òg seter på Steivangane med på kjøpet. Erling Kjeldsen er fødd på Trønnes i Storelvdalen i 1901. Han er g. m. Ingeborg Brandvold frå borsen på Brannvålen, f. 1897, og dei har sonen Eivind Inge. Eivind Inge E. Kjeldsen, f. 1933, tok over etter faren i 1972, og han er g. m. Lilly Simensen frå Vang på Hedemarken, f. 1933. Borna deira er: 1. Erland, f. 1957, 2. Rune, f. 1960, d. 1962, 3. Jan Inge, f. 1964. Eivind er òg vaktmester på Plassen skule. (avskrift fra: Alvdal ei bygdebok, bind II del 2, 1973)

Vangli G.nr. 7, b.nr. 247. 0,35 sk.mk.
Simon Palm, f. 1909, kjøpte i 1934 ein skogteig i Steivanglia av Norsen på Steien. Teigen var på godt og vel 100 mål, og her arbeidde Simon Palm seg opp eit bureisingsbruk, Vangli. Foreldra til Simon Palm er arbeidar Aksel Palm frå Sverige og Johanna Simensdtr. Steien. Han er g. m. Tora Røros frå Glåmos, f. 1909, og dei har borna: 1. Bodil, f. 1943, g. m. Trond Randmæl, sjå Tronsheim, 2. Toril Wenche, f. 1947, g. m. Per Aas, Brummunddal. (avskrift fra: Alvdal ei bygdebok, bind II del 2, 1973)

Liestad G.nr. 7, b.nr. 242. 0,45 sk.mk.
Eilif Mæleng og Erling Kjeldsen kjøpte i 1934 ein skogteig i Steivanglia av Tormod Steien, med i kjøpet følgte òg ei sæter på Steivangane. Denne Olsteigen delte dei sia likt imellom seg, og Eilif Mæleng bygde Liestad på sin part. Eilif Mæleng er fødd på Mælengjodet i 1899, og er g. m. Margrete Engvoll frå Folldalen, f. 1902. Borna deira er: 1. Marie Elfrid, f. 1933, g. m. Oddmund Røsten frå Folldalen, 2. Magni, f. 1938, g. m. Harald Strypet frå Folldalen. (avskrift fra: Alvdal ei bygdebok, bind II del 2, 1973)

Nordstad G.nr. 7, b.nr. 164. 0,10 sk.mk.
Dette er òg eit av dei bureisingsbruka som vart grunnlagde i Steivanglia i 1934. Her vart det med åra ei heil grend av nybyggarar. Asbjørn Wålengen, f. 1904 i Våler i Solør, kjøpte jord av Sigurd Thoresen og bygde åt seg her. Om somrane arbeidde Wålengen på bruket sitt, om vintrane tok han ofte på seg tømmerdrifter. Asbjørn Wålengen er g. m. Inga Tronshaug, f. 1907, dei har tre born: 1. Bjarne Steinar, f. 1937, g. m. Asbjørg Andersen frå Tolga, born: Stig Bjørnar, f. 1969, og Ann Kristin, f. 1973, f. 1973, 2. Kjell Sindre, f. 1939, sjå LI (7-368), 3. Aud Ingrid, f. 1944, g. m. Svein Laurits Haglund, Hallingdal. (avskrift fra: Alvdal ei bygdebok, bind II del 2, 1973)
Grendas historie
Hjem
Grendas historie
Vannverket
Våre eiendeler
 
 
Steivanglia vel vel
Designed by Jan Steivang
Steivanglia vel vel
 
Copyright © 2015 by Steivang Data  ·  All Rights reserved  ·  E-Mail: jan.steivang@steivanglia.no
Copyright © 2015 by Steivang Data  ·  All Rights reserved  ·  E-Mail: jan.steivang@steivanglia.no